Ei diktsamling om menneske og natur, om kjærleik og død, og om den uro som følger eit medvit som vil ut over rammene. Dei norrøne mytane dukkar opp i samtida sitt daglegliv. Boka har tre bolkar og tre eg-røyster. Tor talar om Siv som mista håret, og om far sitt auga. Balder syng om kjærleik, men han blir buande i Hel. I siste bolken møter Hermod Modgunn på Gjallarbrua, og Tokk på ein T-banestasjon. Som eit medvit, ei uro, skimtar vi ein person i alle bolkane. Han får siste ordet i samlinga. Det er Loke. Boka knytter seg til "Misteltein" frå 1987.