Alle miljøaksjonars mor Mardøla-aksjonen, 1970: For første gong sett menneske seg i vegen for maskinene. I ein månad stansar bygdefolk og naturvernarar arbeidet på kraftutbygginga som vil tørrlegge den berømte Mardalsfossen.
Hendinga blir ei internasjonal nyheit. Sivil ulydigheit, ikkjevald og økofilosofi får ein plass i miljødebatten. Fossen blir ikkje redda, men aksjonen endrar Norge: vi får verdas første miljøverndepartement i 1972 og mange vassdrag blir verna.
Mardøla-aksjonen inspirerte seinare aksjonar, som i Alta. I dag er miljøaksjonar og bruk av sivil ulydigheit meir aktuelt enn nokon gong.
Marit Wadsten deltok i Mardøla-aksjonen som niåring. Ho bur i Eikesdalen, ved foten av fjella der aksjonen fann stad, og er ei drivkraft i arbeidet med seminar, kulturarrengement og mykje anna knytt til det som skjedde. Målet er å få att vatnet i Mardalsfossen og vassdraget. "Mardøla 1970" er den første boka hennar.