Denne boka er ei slags historisk oppdagingsreise frå nord til sør i Norge, på leiting etter gamle helleristningar.Vi finn dei i alle fylka våre, bilete av små og store dyr, fugl og fisk, båtar og hjul. Ingen veit heilt sikkert kvifor dei blei til, kanskje var dei hugselappar og viktige beskjedar, magiske eller mytiske meldingar, eller kan hende forteljingar om viktige hendingar. Gjennom å studere og samanlikne dei, kan vi lære mykje om forfedrane våre. Vi får og vite korleis vi kan vere med på å ta vare på helleristningane for etttertida. Boka er illustrert med teikningar i blyant og akvarell, desse prøver å fortelje korleis bileta kan ha blitt til. Teksten er skriven i ei forteljande form, i eit språk som er lett å lese. På grunn av forma er ikkjeboka ei typisk oppslagsbok, men ho gir likevel mykje kunnskap om eit tema det finst lite om frå før. Bakerst er det eit register over alle dei stadenei Norge det finst helleristningar. Samlaget, 1997.
. - God, leselig skrift
Forlaget skriver om denne boka:
Fagbok for barn om helleristningar i Noreg. Det finst om lag 5000 bergfigurar rundt om i landet, og fleire ligg truleg skjulte. Dei eldste figurane er 10 000 år, dei yngste er 1500 år gamle. Den største fårekomsten er i Alta, der vi finn 3000 figurar. I denne boka tek Olav Norheim oss med rundt til dei forskjellige stadene der det er helleristningar, og forklarer dei ulike motiva, slik som hjort, elg, kval, jeger og båt, korleis helleristningane vart laga og kvifor. Dette er ei bok med fakta om og undring over ei svunnen tid, illustrert med flotte teikningar av Mikael Holmberg.