Vis alltid denne fanen
Tittelnr
0028802
Standardtittel
[Edvard Masoni]
Tittel
Edvard Masoni : ein samisk misjonær i kolonialismens tidsalder
Forfatter
Todal, Jon 1952- (forfatter)
Medvirkende
Sjöberg, Lovisa Mienna (forfatter)
Todal, Jon . Edvard Masoni
Språk
nynorsk
Utgitt
Oslo : Pax forlag , 2023
Omfang
282 sider, 16 sider med plansjer : illustrasjoner i farger, kart
Opplysninger
Edvard Masoni vart fødd i husmannsgrenda Rasta i Rana på Helgeland i 1870. Han voks opp i djup fattigdom og som same høyrde han til eit folk med låg status både i lokalmiljøet og i det norske storsamfunnet. Det som likevel skilde Edvard Masoni frå dei fleste andre samar på denne tida, var at han etter kvart tok to lange akademiske utdanningar. Han studerte teologi ved misjonsskulen i Stavanger, og medisin i USA. Medisinutdanninga brukte han til å praktisera som lege på den kinesiske landsbygda frå 1912 og fram til slutten av 1920-talet. Masoni drog for første gong til Kina for å driva misjon i 1898. To år etter at han kom til landet braut det ut store opptøyar som følgje av sterke antivestlege stemningar, boksaropprøret. Mange misjonærar vart drepne. Alle misjonærane frå Noreg med unntak av Masoni reiste då heim. Masoni vart fanga av opprørarar og dømt til døden, men klarte på mirakuløst vis å berga livet. Om boksaropprøret skreiv han at det var de n vestlege kolonialismen som hadde skulda, noko anna kunne ikkje Vesten venta seg med tanke på korleis europeiske styresmakter fòr fram i Asia. Historia om Edvard Masoni er ein viktig del av samisk historie. Saman med nokre få andre kjempa han hardt for politiske idear som femti år seinare vart førte vidare av den moderne samerørsla. Først rundt 1990 kom det store gjennomslaget, og nokre av desse ideane er no offisiell norsk urfolkspolitikk. . - Tekst på nynorsk og svensk
Emner
Masoni, Edvard , 1870-1930
Misjon - Lutherske kirke - Kina
Samer (politiske rettigheter) - Norge
Sjanger
Biografier
Dewey
266.41092
Nettressurser
aja.bs.no (image/jpeg) . - aja.bs.no (image/jpeg)
ISBN
9788253043296 (innbundet) : Nkr 399.00
Hylleplass
266 MAS